OPNINGSTIDER

Kjøken: Onsdag-Laurdag 11-19

Kafè: Onsdag-Laurdag 11-21

Bar: Torsdag-Laurdag 17-01

Meny

SNACKS

Vår snackmeny er tilgjengelig i alle våre opne timar. Menyen varierer, men består alltid av ostetallerken, chips av ulike sortar, marconamandlar og store gode oliven. 

Nokre av våre leverandørar

Selheim gardsslakteri

Me bruker lokalt kjøt av Lars og familien på Selheim  gardsslakteri, eller andre lokale produsentar på Voss og omegn. 

Regionen Hardanger

Hardanger husar mange av våre beste leverandørar som blant anna Edel Sider, Homlagarden, Hardanger bygdeysteri og Alde Sider.

Finnegarden (biletet)

I sesong får me det meste av våre grønsaker frå Finnegarden her på Voss kun nokre få steinkast frå oss.

Voss gardspresseri er også ein del av Finnegarden og produserer fantastisk eplemost og sider. 

Voss Bryggeri/fellesbryggeri

Voss (felles)bryggeri er vår hovedleverandør som me samarbeider tett saman med gjennom heile året. Du kan oppleve eksklusive smakingar med sjefen sjølv i baren vår. 

OM

Hålandshuset og Tre Brør

Hålandshuset er eit hus frå 1889 med ei rik historie, og har vore alt i frå privatbustad til skomakar samt tilhaldsstad for frimurarlosjen. 

I 2004 vart det forlatte og forfalne huset kjøpt av Bjørn Helge Brunborg, og etter ein lang renoveringsprosess med funn av udetonerte bomber frå 2. verdskrig kunne Tre Brør endeleg opna dørene i 2009. 


Huset har sidan då vore vore kulturhus med kafé i 1. egt og bar og konsertlokaler i kjellaren.

2. etg har fungert som kontorlokaler for blant anna Vossajazz, Ekstremsportveko, Festival Voss, Utferdslaget osv. 

Kulturhuset Tre Brør fekk sitt namn etter at Bjørn sin yngste bror omkom i ei småflyulykke i 2008, namnet representer fellesskap og venskap, på Tre Brør er alle velkomne!


I 2023 kom kafé- og bardrifta under nytt eigarskap og sidan då har Tre Brør vokst som mat- og kulturdestinasjon. Me er tre søstre som ikkje er søstre som drøymer om å skape den staden me sjølv ynskjer å gå på, det vil sei eit hus med masse aktivitet, god mat og god drikke i fine omgjevnadar. 

KULTURPROGRAMMET

Voss

Tre Brør har gjennom 15 år med drift etablert seg som ein viktig kulturinstitusjon på Voss. Huset har ein intimscene i underetasjen med plass til 60 sitjande publikumarar. Fyrsteetasjen vert nytta til alt frå folkemøter til borneframsyningar og strikkekveldar.


Frå 2025 skilde vi kulturaktivitetane frå drifta gjennom å danna foreining. Denne har som føremål å utvida kulturtilbodet på Voss og omland og heiter Kulturprogrammet Voss.


Me trur på verdien av små scener som ynskjer å satsa på unge og nyetablerte musikarar. Scenen vår har særleg vekt på pop, vise, country/americana, jazz, blues, rock og folkemusikk.

I tillegg til konsertprogrammet husar vi også gjerne litteratur og scenekunstprosjekt for born og vaksne som kan trivast på ein liten scene.


Kulturprogrammet vert lagt sesongvis av vårt styre med Frøydis Århus i spissen, men me er alltid på jakt etter nye samarbeid. Har du eit band eller eit prosjekt me bør vita om så ta gjerne kontakt. 


kulturprogrammet@trebror.no


Kontakt

Bestill bord på Tre Brør Mat & Vin

Ta kontakt med oss på e-post dersom du ynskjer å reservere Tre Brør til private arrangement.  

For lunsj eller middagsreservasjon ta  kontakt med oss via tlf eller e-post. 

Me har eteplikt på bordreservasjonar og tek ikkje imot reservasjonar på laurdagar mellom kl 10-15

 
 
 
 
 

Kontaktinfo

Åpningstider

Mandag - Tirsdag
Stengt
Onsdag - Torsdag
11:00 - 19:00
Fredag - Lørdag
11:00 - 23:00
Søndag
Stengt